Bli med på opning av nye lokale 23. oktober

 
 

Vi er på plass i nye lokalar i Sunnfjord næringspark. Saman med Volvo Maskin Service inviterer vi til open dag og fest på kvelden.

Open dag kl. 09.00 - 16.00

Kom innom Maskinsenteret og Volvo Maskin Service torsdag 23. oktober. Vi har gode tilbod og vil vise fram:

  • Anleggsmaskinar og utstyr frå Volvo Maskin

  • Valtra traktorar og reiskap frå Maskinsenteret Vestland

Vi grillar pølser og burgarar til alle.

Opningsfest kl. 18.00 (påmelding)

Om kvelden inviterer vi til opningsfest i lokala våre. Det blir snorklipping ved ordføraren, og musikkinnslag med påfølgjande servering og mykje hygge.

Meld deg på med namn, nummer og eventuelt firma til Monica Furås på e-post monica@maskinsenteret.as eller SMS til 971 01 727.

Du finn oss i Sunnfjord næringspark, Moøyane 1 (opne i kart).

 
 
 
Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Ny dagleg leiar er på plass

Neste
Neste

Vi søkjer ny dagleg leiar