Vi søkjer ny dagleg leiar

Er du klar for å ta styringa i ei verksemd med solide røter og store ambisjonar?

Vi søkjer ein engasjert og handlekraftig dagleg leiar som vil vere med å utvikle framtidas maskinvare- og traktorhus saman med oss.

Vi ser etter deg! Ein leiar som brenn for både menneske og traktor; ein som let entusiasmen smitte over på laget og som sørger for at våre kundar, samarbeidspartnarar og tilsette vert møtt med både profesjonalitet og kvalitet i alle ledd.

Vi ser for oss at du er tydeleg, rettferdig og engasjerande i ditt leiarskap, og at du gjennom stødig leiing evnar å oppnå resultat gjennom andre. Det er viktig at du har erfaring som leiar og har god økonomisk forståing. Vi ser etter deg som ser og verdset dei tilsette, ser etter moglegheitar for forbetring og er ein pådrivar for utvikling og effektivisering. 

Rolla som dagleg leiar hjå oss har eit breitt nedslagsfelt. Rett kandidat må derfor skape og oppretthalde relasjonar til personar både internt og eksternt, og det kjem difor godt med at du er jordnær, folkeleg og kommuniserer godt med personar på alle nivå.

Du vil få:

  • Ein nøkkelrolle i ei framtidsretta verksemd

  • Overordna ansvar for strategiar, handlingsplanar og måloppnåing

  • Overordna ansvar for dagleg drift av verkstad, delelager og kundemottak, inkludert personalleiing, sal og resultatoppnåing

  • Ansvar for å leie og utvikle medarbeidarar med fokus på effektivitet, lønnsemd og trivsel

Vi ynskjer at du skal:

  • Bygge ein kultur som begeistrar både kundar og medarbeidarar

  • Sikre høg kvalitet og kundetilfredsheit innan verkstadtenester, kundeservice og sal

  • Holde deg oppdatert om utvikling i marknaden

  • Ha base i Førde eller Sogndal, og forstå verdien av å vere tilgjengeleg for tilsette gjennom nødvendig reise mellom avdelingane.

Faglege kvalifikasjonar:

  • Relevant leiarerfaring med personale - budsjett -og resultatansvar

  • Erfaring med endringsleiing og utviklingsarbeid

  • Kunnskap om bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Relevant utdanning, fortrinnsvis innan økonomi/administrasjon/leiing er ønskeleg, men erfaring innanfor liknande rollar kan kompensere for dette.

Kontorstad vil vere i Førde eller Sogndal. Stillinga omfattar leiing av begge avdelingane, og vi ser difor etter ein kandidat som er fleksibel og tilgjengeleg for begge lokasjonane.

Vil du vere med på reisa?

Send oss ein kort søknad – vi ser fram til å høyre frå deg! Søk her.

Er du interessert i å vite meir, ta kontakt med konsulent Sigrid Førde på telefon + 47 400 21 567.

Astri Knudsen