Me flyttar til nye lokale i Førde

I 2025 feirar me 30 år som avdeling i Førde, og flyttar til nye, flotte lokale i Sunnfjord Industripark på Mo.

 
 

Maskinsenteret Vestland har i år 50-årsjubileum som aktør innan sal og service av traktor og utstyr til landbruk og entreprenør i Sogn og Fjordane. I år har me i tillegg 30-årsjubileum som avdeling i Førde.

No har selskapet bestemt seg for å flytte inn i eit nytt, flott og ikkje minst stort moderne lokale på Mo, der me skal dele bygg saman med Volvo Maskinservice.

Saman vil dette utgjere eit anlegg- og landbrukssenter som me ser fram til å fylle med innhald. Me vil som før ha butikkutsal, delelager, salsavdeling og ein stor moderne verkstad.

Dette gler me oss til å vise kunde våre. Me ser for oss innflytting i starten av juni. Offisielt opningsarrangement kjem over sommaren, så her er det berre til å følgje med.

Spørsmål om dette? Ta kontakt med oss.


Omtale i Firda:

Denne saken er óg blitt omtalt i Firda tysdag 6. mai 2025. Til avisa seier dagleg leiar Audun Moen:

– Bygget er eit signalbygg. Det er bergvarme, det er varme i alle golv, det er vanvitig med takhøgd, og store glasfasadar. Eg vil seie at dei fleste næringsbygg i Førde-området har ikkje ein standard som dette.

Avdelingsleiar for Maskinsenteret Vestland si Førde-avdeling, Stian Berge, seier i same artikkel:

– Eit slikt areal som dette, det trur eg ikkje du ikkje får tak i her i Førde. (…) Traktorar og landbruksutstyr har rett og slett blitt mykje større dei seinare åra. Det er mange reiskap og maskiner som er for store for verkstaden vi har i dag. No ser me fram til å få plass til alt innandørs.

Les heile artikkelen i Firda her (abo)

 

Faksimile frå Firda 06.05.2025.

 




Ingvild Hagen